– Vi har bada kvar dag denne veka

Birk (11) og Raun (7) Phuangkaew Hesjedal elskar å bade. Når det er sol badar dei helst sju av sju dagar.

I Skånevik er det ei lita badeøy midt i bygda. Der er det skjelsand og grunt langt utover. Stupebrettet er ikkje kommen på plass enno, men Birk hoppar like gjerne frå berget.

Kva må du tenkje på før du hoppar, eller stuper ut i sjøen?

– Eg må jo ta av kleda! ler Birk.

Andre ting du må hugse – som held deg trygg i vatnet?

– Ja, eg skal ikkje spise for mykje eller for lite, svarar han.

Raun (7) leikar i sjøen – gjerne sju av sju dagar i veka. FOTO: Janne Nerheim

Leikar i vatnet

Raun stuper ikkje frå berget enno, men han leikar gjerne lenge i sjøen.

– Sjå, no er eg ein dinosaur, ropar han mens han dukker under vatnet og kjem opp att i full fart. Vasspruten står rundt han.

 

 

KVELDSBAD: Stupebrettet er ikkje kommen på plass enno, men Birk hoppar like gjerne frå berget. FOTO: Janne Nerheim

Gutane badar helst når det er fint vêr, slik som no.

– Eg badar berre når det er sol! sier Birk.

Mange byar i Noreg har hatt rekordvarme i mai. Nabobygda til Skånevik, Etne, var varmaste staden i landet sundag 27. mai – med 31,4 grader.