Gå på oppdagarferd kvar du vil!

No kan du gå på virtuell oppdagelsesferd i verdas truga kulturarv. Google opna nyleg eit stort 3D-arkiv vi kan besøke.

Nyleg opna Google Arts & Culture Verdas største og mest detaljerte 3D-arkiv som skal vise oss meir av historia vår. Dei har kalla arkivet for «Open Heritage».

Vil ta vare på

Du kan mellom anna gå ein tur i mayafolkets hovudstad, Chichén Itzá, pluss 25 andre spanande stader i 18 ulike land, skriv Forskning.no. Det er Videnskab.dk som fyrst meldte om saka.

Det er organisasjonen CyArk som står bak dette. Dei vil sørge for at framtidige barn og unge kan sjå kva menneska før dei har skapt. Både jordskjelv, krig og turisme kan nemleg øydelegge deler av denne arva vi har fått.

ØVST I SAKA KAN DU SJÅ EIN YOUTUBE-VIDEO SOM VISER KVA DETTE ER.