Har du slutta å leike?

Frå du er 5 år til du fyller 10 år, stuper tida du brukar på å leike – og etter du har fylt 10 år, vert det berre sjeldnare.

Kvifor er leik viktig? Og kva kan du gjere om du vil leike meir?

Kvifor er leik viktig?

  • Du vert meir kreativ (fleire gode idéar og nye påfunn)
  • Når du leikar fritt, utan reglar, får du trene på å ha ulike roller i leiken
  • Leiken set fart på fantasien din
  • Du lærer deg å samarbeide godt med andre

Kva kan du gjere om du vil leike meir?

  • Søk hjelp hos dei vaksne, be om tid til å leike utan reglar
  • Spør læraren din om tid til meir fri leik i gym og friminutta
  • Dropp iPad, spel og anna ein dag eller to i veka, og berre ver ute for å leike
  • Sei til deg sjølv at leik er noko alle kan gjere, vaksne også
  • Ikkje ver oppteken av om det er rett eller gale å leike, berre LEIK!
LES FAKTALUKK FAKTA

– Difor er det så viktig at alle ungar og ungdommar bruker alle sjansar dei har til å leike fritt, seier Nina Østensjø Borrevik, prosjektleiar i Sunnhordland Ungt entreprenørskap.

Kreativ muskel

Nina er ofte på skulebesøk, og då er det kreativitet som står på timeplanen. Kreativitet er å vera oppfinnsam, vera rik på idéar, og lage eller finna på noko nytt.

Kreativitet er som ein muskel. Når du trener, blir du meir kreativ. Og den beste treninga – det er å leika fritt. Ungane elskar det, medan dei vaksne vert livredde, seier ho.

Enkelt for dei yngste

– Det er enklare for ungane, spesielt 5, 6 og 7-åringane. Men så vert det vanskelegare etter kvart som åra går, seier ho.

Ho fortel om ei undersøking frå NASA som viser at talet på kreative geni går ned frå 98 prosent til 30 prosent frå ein er 5 til ein fyller 10 år. Det var 1600 barn med i testen. Blant dei vaksne var det berre 2 prosent som var verkeleg kreative.

Viktig å keie seg

Difor meiner Nina det er ekstra viktig å halda fast på dagane i veka der det ikkje skjer noko etter skuletid.

– Når me har så mange fritidsaktivitetar, får me ikkje tid til å finna på nye ting sjølv.  Det er aller viktigast å få tid til å keia seg! Å keia seg er nemleg mat til kreativiteten, og når ein ikkje har noko anna å gjera på, då kjem dei gode idéane, seier ho.