Julie (11): No har eg meir lekser eg må gjera før eg kan leika

Vi har snakka med Alina (8), William (8), Leander (11) og Julie (11) om kva dei likar å leike.

Alina Holt Van Eijk (8), Bergen 

FOTO: Privat

Kva likar du å leika?

– Eg leikar helst med Barbie og Friends lego. Og uteleik!

Kva leikar du i friminutta på skulen?

– Då spelar me fotball, eller leikar tikken. Fredag er leikedag, og då leikar eg med Barbie.

Leikar du sjeldnare no enn då du var 5-6 år?

– Eg har nok slutta pitte, pitte litt. Så, ja. Litt mindre no enn før. Eg leiker til dømes ikkje med babydukker. Dei er liksom litt meir for små ungar.

William Rabben Antonsen (8), Bergen 

FOTO: Privat

Kva likar du å leika?

– Av og til leikar eg med lego.

Kva leikar du i friminutta på skulen?

– Fotball og tikken med kompisar.

Leikar du sjeldnare no enn då du var 5-6 år?

– Ja, eg trur eg leika meir før. Med lego og bilar. Og eg leika tikken og gøymeleik.

 

Leander Rabben Antonsen (11), Bergen 

FOTO: Privat

Kva likar du å leika?

– Eg leikar med leikedyr, og eg bygger lego.

Kva leikar du i friminutta på skulen?

– I friminutta leikar eg ikkje. Eg står og pratar. Men mange av dei andre gutane spelar fotball.

Leikar du rolleleik, slik at du kler deg ut eller latar som om du er nokon andre?          

– Ja, på Trolldomsakademiet. Det er eit eventyrspel for barn og voksne i Bergen inspirert av Harry Potter-universet.

Leikar du sjeldnare no enn då du var 5-6 år?

– Ja. No er det meir prating.

 

Julie Opheim Rognøy (11), Skånevik 

FOTO: Janne Nerheim

Kva likar du å leika?

– Lego Friends og vanleg lego er gøy, og Playmo hos Eline – for ho har mest. Eg likar også å leika ute, og hoppe på trampoline.

Kva leikar du i friminutta på skulen?

– Eg er på reila, eller i ballbingen for å spela fotball. Eller så er eg ute og pratar med vener.

Leikar du sjeldnare no enn då du var 5-6 år?

– Ja. Eg har meir lekser som eg må gjer før eg kan leika. Og eg les fleire bøker, som også tek tid.