Kva du leika som barn kan bestemma om du får jobb på romsenter

– Det er eit senter som sender rakettar til månen som spør vaksne folk om korleis dei leika då dei var ungar, fortel Hans Holter Solhjell. Han forskar på læring.

– Kva dei svarar på dette spørsmålet er nemleg veldig viktig når senteret bestemmer seg for om personen skal få jobba der eller ikkje, fortel Hans Holter Solhjell.

Romsenteret treng folk som er flinke til å bygge og finne på nye ting.

– Folk som leikar mykje når dei er unge, blir kreative vaksne, seier Hans.