Montannah (7) blei verdas yngste på toppen av Kilimanjaro

7-åringen bestemte seg for å prøve å gå den krevjande turen for å komme så nær himmelen som mogeleg.

Montannah var spent på rekordforsøket, men det viktigaste var å sei hei til himmelen. Faren hennar døydde nemleg då ho var 3 år.

– Ho veit at ho har ein engel som ser etter ho, og han bur i himmelen, seier Montannahs mor, Hollie Kenney, til Inside Edition. 

Kilimanjaro er eit fjell nordøst i Tanzania. Det består av tre sovande vulkanar: Shira i vest, Mawenzi i aust, og Kibo som ligg mellom dei to andre.

Tynn luft

Det er mange som prøver å komme seg til toppen, men berre 85 prosent av alle forsøk vert vellukka. Det er fordi lufta er halvparten så tjukk som ved havet. Og, når lufta er så tynn, vert mange sjuke på vegen. Dei som vert dårlege opplever at kroppen ikkje toler at det er så lite oksygen i høgda. Difor er det viktig å bestige høge fjell sakte, og bruke tid på at kroppen får tilpassa seg lufta som er heilt annleis etter kvart som ein kjem høgare.