Fyrste overnatting åleine i naturen

Speidarane trenar ofte på å overleve i naturen. I Skånevik har dei allereie vore på sin fyrste overnattingstur åleine.

Birk Phuangkaew Hesjedal (11), Erik Samland Tendal (11) og Tobias Johansen (10) starta i speidaren i 3. klasse.

Kva tenkjer de om fjellvettreglane?

Birk: Vi må sjekke véret, og pakke alt utstyr vi treng.

Tobias: Så må vi pakke god matpakke, og seie ifrå om kvar vi går.

Birk: Det er heller aldri ei skam å snu om det vert dårleg vér.

Her kan du lese fjellvettreglane på nynorsk!

Fyrste tur åleine

Birk: Vi har vore på tur for å overnatte i naturen utan vaksne. Vi skal det natt til 1. mai også.

Tobias: Vi delte på alt vi skulle ha med oss i sekkane våre, og det er berre gruppeleiaren som har mobil.

Speidarane i Skånevik får ikkje vite kvar dei skal gå før same dagen dei legg ut på tur.

Birk: Det er fordi ingen andre skal kunne besøke oss på turen.

Kva utstyr tek de med?

Erik: Til denne turen tek vi med presenning og tau til å lage soveplass. Så har vi med eit førstehjelpsskrin, og øks og sag. Det bruker vi til å lage leiren vi skal overnatte i.

Tobias: Vi legg all maten oppå presenningen for at den skulle halde seg kald. Då er det heller ingen dyr som kan ta den.

Birk: Og speidarkniv har vi med. Den spikkar vi med når vi skal lage bål.

Erik: Vi bruker også kart og kompass.

Tobias: Vi må samarbeide om å finne vegen.

Snarvegen

Birk: Sist vi gjekk på tur sa Tobias at han hadde funne ein snarveg, og då hamna vi ved ei elv vi måtte hoppe over. Planen var å komme ned før jentene.

Erik: Men det gjorde vi ikkje! Jentene var sikkert framme ein time før oss.

Birk: Dei var på veg heim i bilane då vi kom ned. Men, om ikkje elva var i vegen for oss hadde vi nok komme ned til same tid.

Tobias: Hugsar du den natta, Birk?

Birk: Ja, vi måtte gå vakt fordi Erik sa han hadde sett ein bukk som kunne angripe.

Tobias: Så vi måtte gå vakt heile natta. Det var gøy!

Birk: Vi var trøytte dagen etter for å seie det slik.

Så, korleis er det å vera utan vaksne på tur?

Erik: Det er kjekt!

Birk: Då vi gjekk vakt den natta høyrde vi at det kom nokon. Det viste seg å vera læraren vår, men det såg vi ikkje. Så vi hylskreik og gjekk saman for å sjå kven det var.

Eirik: Vi skremmer jo kvarandre opp. Det er gøy å lyse med lommelykta på ting rundt campen. Då seier vi av og til at vi ser ting vi ikkje eigentleg ser – bare for å skape litt spenning.

 

Gutane sitt beste båltips:

Ta med tørr ved i sekken. Lag ein runding med steinar, og legg veden opp mot kvarandre slik at det ser ut som ein mini-lavo. Så spikkar du av litt av barken. Det er nemleg mykje lettare å tenne på barken.