Kevin (11) er imponert over Liv som har vore speidar i 71 år

Liv Tungesvik har vore speidar i 71 år. Kevin Ribesen har vore speidar i 3 år. Korleis var det å vera speidar for 70 år sidan?

Fakta om speidaren
  • Speidaren er ein av verdas største barne- og ungdomsorganisasjonar og har cirka 50 millionar medlemmar i nesten alle land.
  • Speidarrørsla blei starta av den britiske generalen Robert Baden-Powell i 1907.
  • Norges speiderforbund er det største speidarforbundet med 19.000 medlemmar delt på cirka 400 lokale speidargrupper.
  • KFUK-KFUM-speidarane har kring 11.000 speidarar med over 200 lokale speidargrupper. I tillegg finst det andre mindre speidarforbund.
  • Noregs første speidargruppe starta i 1911.
GENERAL: Speidarrørsla blei starta av den britiske generalen Robert Baden-Powell i 1907.
LES FAKTALUKK FAKTA

Vi starta ein tropp på Litlabø på Stord då eg var fjorten år. Det var tre år etter krigen, fortel Liv.

Det var ikkje lov å vera speidar under krigen, men Liv minnast at det var nokon som var speidarar i skjul. 

Då var samlingane hemmelege. Ingen nazistar måtte få vite om det, fortel ho.

IVRIG: Liv som 16-åring. Foto: Privat

Kevin Ribesen ser på Liv med store auge når ho fortel. 

Det er spesielt å tenkje på at det har vore slik, seier han.

Sjølv starta han i speidaren i Skånevik i 3. klasse. 

Nokon i klassen hadde vore på speidarmøte, og då eg fekk vite at dei var så mykje ute i naturen, ville eg også bli med, fortel Kevin.

Liv starta på ny skule i 1947. Der fekk ho ein lærar som nyleg hadde blitt speidar sjølv.

Læraren ville starte ein tropp med gutane i klassen. Det var urettferdig, meinte vi jentene, fortel Liv.

TROPPSLEIAR: Dette biletet har Liv klypt ut frå ei avis. Her var ho troppsleiar og gjekk fremst i 17. mai-toget i år 1949. Foto: Privat

Til slutt blei det ein tropp med begge kjønn. 

Etter eitt år hadde vi ingen leiar. Men vi hadde jo speidarboka, og vi fekk hjelp frå speidarforbundet i byrjinga, fortel Liv. 

Det hadde nok ikkje skjedd i vår tid. Viss vi ikkje hadde hatt leiar, så trur eg ikkje vi hadde sett i gang åleine slik Liv gjorde, seier Kevin.

Vi hadde ikkje så mange andre aktivitetar å velje i. Det er jo litt annleis no, seier Liv.

Sov på halm

Då Liv skulle reise på sin fyrste kretsleir fekk ho beskjed om å ta med eit «madrasshylster». 

Vi måtte ha med oss ein sekk som vi skulle fylle med halm då vi kom til leirplassen. Etter at sekken var full, sydde vi ha att. Så sov vi på den, fortel Liv.

Vi søv i sovepose på luftmadrass og liggeunderlag, fortel Kevin. 

– Ja, eg fekk min fyrste sovepose til konfirmasjonen. Men den var nok ikkje så god som den du har, seier Liv. 

Etter at Liv og troppen var ferdig på leiren, tømte dei halmen i ein haug på leirplassen.

Hylsteret tok vi med oss til neste leir, men halmen brann vi på eit stort bål, fortel ho.

TELTLIV: Dette biletet viser korleis ein speidarleir såg ut i år 1950. Foto: Privat

Før og no

Det er fantastisk at eit arbeid som er hundre år gamalt framleis er så likt som det var. Dei har jo betre utstyr no, men elles er mykje det same, seier Liv.

Når eg kjem til ein ny stad, og møter speidarane der, har eg fått vener med ein gong, fortel Liv som framleis har kontakt med fem venninner frå speidaren på Litlabø der alt starta. 

Mange av mine vener går også i speidaren. Eg likar at vi får lære nyttige ting vi kan bruke videre i livet, fortel Kevin. 

Å vera speidar er for heile livet, ikkje berre for barndomen, seier Liv.