Framtidajunior Visste du at? I kveld kan du sjå romstasjonen flyge over himmelen
Den Internasjonale Romstasjonen går i bane nær jorda, i ein såkalt Low Earth Orbit. Foto: NASA

I kveld kan du sjå romstasjonen flyge over himmelen

Følg med på himmelen dei neste kveldane!

Klikk på kvar by for å sjå kva tid romstasjonen blir synleg

Stavanger

Bergen

Arendal

Oslo

Trondheim – såvidt synleg

LES FAKTALUKK FAKTA

Har du lyst til å sjå Den internasjonale romstasjonen susa over Sør-Noreg i kveld og dei neste kveldane? Bur du i Sør-Noreg, kan du sjå romstasjonen dei kommande nettene.

I kveld er han synleg heile to gonger, klokka 21.05 og 22.41.

– Finn deg ein høg stad med fri sikt sørover. Følg godt med! oppmodar Pål Brekke, seniorrådgjevar ved Norsk Romsenter.

Ifølgje han ser romstasjonen ut som ei særs sterk stjerne som langsamt glir over himmelen frå sør og er synleg nokre minutt

– Ofte vil du sjå at han langsamt blir svakare i nord – og han raskt forsvinn. Dette skuldast at han kjem inn i jordskuggen og sola ikkje lenger skin på han slik at me kan sjå det reflekterte sollyset, fortel Pål Brekke.

Ny oppskyting med forsyningar

Måndag skal SpaceX skyta opp nye forsyningar til romstasjonen der fire astronautar og to kosmonautar arbeider.

Den Internasjonale Romstasjonen går i bane nær jorda, i ein såkalt Low Earth Orbit. Han ligg i ei høgd på cirka 350 kilometer.

Verdas dyraste blomsterpotter

Sett frå jorda, kryssar romstasjonen himmelen frå vest til aust. Noreg deltek med forsking ombord, mellom anna står verdas dyraste blomsterpotter om bord – bygde i Noreg og til ein pris på kring 500.000 kroner per stykk.

– Me har òg bygd ein mottakar på ISS som overvaker all skipstrafikk frå verdensrommet. Eit unikt prosjekt, avsluttar Pål Brekke ved Norsk Romsenter.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR