Får Elsa jentekjærast i Frozen 2?

Mange har kasta seg inn i kampanjen #GiveElsaAGirlfriend som tyder "gje Elsa ein jentekjærast".

– Vi har mange samtalar om dette, seier regissør Jennifer Lee til avisa Independent.

Heilt sidan Frozen kom på kino, har Disney-fans oppfordra filmstudioet til å gi Elsa jentekjærast i den neste filmen.

Jennifer likar veldig godt at folk engasjerar seg rundt filmen, og har sterke meiningar.

Støttar kampanjen

Idina Menzel, som har stemma til Elsa, og som syng “Let It Go”, har allereie sagt at ho støttar kampanjen.

– Elsa fortel meg kvar dag kvar ho treng å gå, og det vil ho halde fram med. Vi må sjå kor vi går denne gongen, seier Jennifer.

Vi må nok vente til premieren 27. november 2019 for å finne ut kva ho meiner med dette.

Kva tenkjer du? Er det ein god idé å gje Elsa jentekjærast? Send gjerne di meining til janne@framtida.no!