Folk kastar altfor mykje søppel i naturen

Folk kastar altfor mykje søppel i naturen, både langs vegane og i strendene.

Eg håper alle stoppar med denne dårlege oppførselen. Viss me ikkje stoppar no, kjem naturen til å bli skadd av plast og søppel.

Folk kastar søppel i hagen vår fordi huset ligg ved bilvegen. Dyr blir skadde fordi dei får dette i seg. Nokre fiskar et plast, og når menneske og dyr et fisk med plast i, blir dei også skadde og sjuke.

Kevin Tj, 11 år