Kroppen har desse forsvarsmekanismane som skal halde oss friske:
- Huda beskyttar oss mot infeksjonar, samt isolerer og produserer vitamin D.
- Syre i magesekken drep bakteriar som ikkje skal vere i kroppen.
- Slim i ande-rettssystemet fører bort skadelege partiklar.
- Urin fører også bort skadelege partiklar.
I tillegg til dette har vi blodet og lymfekjertlane.
- Blodet – Dei kvite blodcellene er imunforsvaret sine krigarar som har i oppgåve å kjempe mot farlege inntrengarar.
- Lymfekjertlane har du i armhola, halsen og ved skrittet. Oppgåva til lymfesystemet er å transportere feitt og overskotsveske frå vev til blodbana, reinse lymfa, hindre betennelsar og øydelegge mikroorganismar som ikkje skal vere i kroppen.
Det er litt rart å tenkje på at kroppen alltid vil halde deg frisk og rask. Blir du forkjøla vil kroppen gjere sitt beste for at du skal bli frisk igjen.