Romsonde sette ny rekord

Denne romsonden knipsa eit bilete 6 milliardar kilometer frå jorda.

Kva er ein romsonde?

Ein romsonde er eit ubemanna romfartøy som blir sendt bort frå jorda for å studere rommet, gå i bane rundt jorda, eller lande på andre himmellegemer. Dette gjer romsonden for å samle data om vert sendt attende til jorda.

LES FAKTALUKK FAKTA

Romsonden New Horizons slo nyleg ein 27 år gammal rekord! Den førre bilderekorden var det Nasa-romsonden «Voyager 1» som sette 14. februar 1990, skriv Nasa i ei pressemelding. (LENKE)

SPEKTAKULÆRT: Dette er bileta frå romsonden! FOTO: NASA/JHUAPL/SwRI

Lang reise

«Voyager 1» tok bilete 6,06 milliardar kilometer frå jorda. New Horizons slo denne rekorden med 60 millionar kilometer. Kva tok romsonden bilde av? Ei stjerneklynge!

New Horizons vart sendt opp i januar 2006, og reiser heile 1,1 millionar kilometer kvar dag.