Du har gjerne tenkt på at kleda våre skadar naturen når fabrikkane lagar dei, men visste du at kleda også skadar naturen når me har dei på oss?
Nokre typar klede skadar naturen meir enn andre, og det er det to forskarar som har sjekka ut for oss, skriv Forskning.no.
Sjekka vaskerommet til folk
Gjennom fleire år har SIFO-forskerane Ingun Grimstad Klepp og Kirsi Laitala undersøkt reine og skitne klede.
Dei har lurt på kva klede du har i skapet, kva som ligg i skittentøyskurven, korleis du sorterer skitne klede, og kva temperatur du vaskar kleda på. Og kva skjer når du vert lei av kleda? Det har dei også lurt på.
Slik kan dei finne ut kva klede som er mest miljøvennlege. For å gjere det lettare for oss å vite kva me kan gjere for å hjelpe naturen.
Ull er best
Så kva skal ein velge? Mykje tyder på at naturlege fibrar er det beste, til dømes ull. Det er fordi vi vaskar ull på lågare temperatur. Det gjer at vi bruker mindre energi. Det er også ull som vert vaska for hand oftast, og vi puttar ikkje ulla i tørketrommelen.
– Vi fann at folk brukar ull dobbelt så lenge som tilsvarande klede i bomull, seier Laitala.
Mikrofiber er blitt eit stort miljøproblem i hav, innsjøar og på landjorda, og kjem til og med inn i maten vi et. Klede av polyester, til dømes fleece-jakker, «flassar» mikrofiber i vask og i bruk. Det betyr at det kjem bittesmå bitar av plasten ut i naturen.
Hjelper du til å sortere og vaske klede i familien? I så fall meiner Silje Sandmæl at alle barn bør be om lommepengar. Les sak om det her!