Los Bando
Om filmen
I denne feelgood-komedien blir vi med bandet Los Bando Immortale på ei fartsfylt reise gjennom landet. Med gassen i bånn og rallysjåfør Martin (Jonas Oftebro) bak rattet må bandet bryte lovar og reglar, trasse foreldre og eigne heltar for å rekkje fram til NM i rock. Drivkrafta er stor, men hindringane kanskje endå større – vil dei kome fram i tide?
Petter Kanin
Om filmen
Petter Kanin prøver stadig å snike seg inn i hagen til Herr Gregersen for å stele grønsaker. Det finnast ingen grenser for triks han bruker for å lure den gretne bonden. Men når garden får ein ny eigar, den mykje yngre slektningen Thomas McGregor, får Petter ein langt meir formidabel motstandar. Med hjelp frå slektningane sine, Benjamin, Dunhale, Vipsen og Vimsen, må Petter Kanin pønske ut nye planar for å kome seg inn i grønsaksenga.
The Post
Om filmen
Eit intenst drama om den fyrste kvinnelege eigar og utgjevar av avisa The Washington Post i 1971. Filmen skildrar avisa som avslørte korleis den amerikanske regjeringa førte verda og det amerikanske folket bak lyset då dei blanda seg inn i krigen i Vietnam. Journalistane vert truga frå politisk hald, og risikerte både jobb og fengselsstraff for å fortelje røyndomen.
Ut av intet
Om filmen
Norske byggeklosser
Om filmen
Ein komedie om kva som skjer når drøymen om eigen bolig blir eit overveldande kaos. Merete og Jens (Ine Jansen og Anders Baasmo Christiansen), eit par i tredveåra, har endeleg hellet med seg når dei heilt uventa arvar eit hus. No har dei sjansen til å få det dei drøymer om: Eit hus med hage før dei får barn. Dei må nok pusse opp litt, men kor vanskeleg kan det vera, liksom?
Every Day
Om filmen
Ein sjenert tenåring fell for ein person som vert forvandla til ein ny person kvar dag.