Sjå kva turnaren Parker (10) får til

Amerikanske Parker Lupher (10) bestemte seg for å setje ny verdsrekord i turn og klarte det!

No har Parker fått rekorden sin i Guinness World Records.

Han bur i Colorado, og det var trenaren som sa han burde prøve å sjå kor mange rundar han kunne klare på eitt minutt. Han klarte 68 rundar!

– Eg visste at eg kunne slå den tidlegare rekorden, seier Parker til Guinnessworldrecords.com.

Mamma Mandi er stolt av sønnen.

– Det har vore ei fin oppleving for heile familien vår. No kan eg seie at eg kjenner nokon som har slått ein verdsrekord, fortel ho.

VIDEO: Guinness World Records/YouTube