Vil du vere min Valentin?

14. februar er den store kjærleiksdagen - Ein dag vi feirar kjærleiken og romantikken.

Valentinsdagen, som det også vert kalla, er ein gamal skikk som fyrst var populær i engelsktalande kulturar og i Frankrike. I løpet av dei siste 20 åra har det vorte meir vanleg å markere denne dagen i Noreg også. På Valentinsdagen gir ein gjerne kjærleiksbrev eller – kort til folk vi er glade i. Nokre gir også gåver eller blomar.

Mary (Foto: Linda Sævik)

Mary Evangeline Baltzersen Daculan (10 år)

Skal du feire valentinsdagen? Eg trur kanskje eg seier happy valentine til familien og vener. Og kanskje eg skal gi nokon kort.
Har du fått valentinskort nokon gong? Nei det har eg ikkje.
Skal du gi valentinskort til nokon? Eg trur eg skal gi til mamma.  Eg kjem til å skrive at eg er veldig glad i henne, og at ho er flink til å lage mat og passe på babyen.
Kva synest du om valentinsdagen? Eg synest det er ein fin dag, for då kan vi seie at vi er glad i kvarandre.

 

Elias (Foto:Linda Sævik)

Elias Skogen Hauge (10 år)

Skal du feire valentin? Eg skal kanskje gi eit kort til nokon eg likar. Og kanskje til mamma og pappa.
Har du fått valentinskort nokon gong? Nei, eg trur ikkje ikkje det.
Skal du gi valentinskort til nokon? Eg har ikkje bestemt meg. Eg veit rett og slett ikkje.
Kva synest du om valentinsdagen? Eg synest det er kjekt. Ein blir glad av å glede andre.