
Squishies luktar godt, er mjuke å klemme på og finst i alle mulege variantar. Kaker, frukt, bamsar og dyr. Ja, eigentleg alt du kan tenke deg.
Squishies kjem eigentleg frå Japan og har vore svært populært i Asia, før USA fekk auga opp for gummidingsane. No er det altså Europa og Noreg som står for tur. Barna har oppdaga dette gjennom internett og YouTube.
I New York Magazine blir squishies omtala som å ha ein beroligande effekt, på same måte som fidget spinners har.
Ordforklaring: Ein farsott er eit fenomen som breier seg fort og vidt.

