Drøymer om å fly på landslaget

Annika (13) er flyer på eit av Noregs beste elitelag i cheerleading. Ho satsar på å komme inn på landslaget om eit par år.

Annika trener cheerleading på NRC Tigers. Laget hennar heiter Junior Coed Elite, og ho har trening kvar mandag, torsdag, laurdag og sundag. På tysdagar har ho gymkurs med privattrenaren Mike, og onsdager brukar ho heime for å tøye. Dette gir gode resultat.

Kvar onsdag må me nemleg sende inn bilete til trenarane som viser kor langt me har komne med tøyinga, fortel Annika.

Elitelaget

Ho byrja på cheerleading for to år sidan. Dette er hennar tredje sesong i NRC Tigers.

Eg starta med eit halvt år på Pee Wee Chrystals, så hadde eg eit halvt år på Pee Wee Angels, før eg gjekk vidare til Junior Bullets. No går eg på Junior Coed Elite, som er eitt av to elitelag i Tigers, fortel ho.

Det er både gutar og jenter på laget, Annika seier dei treng fleire gutar. I Tigers er det nemleg heile 17 lag til saman.

Frå trampoline til flikkup

Dei aller fleste byrjar å turne på trampoline heilt i starten. Når dei har klart noko på trampolinen, så tek dei stuntet vidare på airtrack, som er ei mjuk turnmatte. I starten er det lurt med ei som ikkje er så veldig hard. Jo hardare matta er, jo vanskelegare blir det, fordi spretten blir mindre.

Når du meistrar trikset du øver på på ei hard turnmatte, går du over til spring floor, som er hardt underlag med mange fjærer under. 

Kva er din draum? spurte trenaren Mike.

Flikkup! svara Annika.

Og det fekk Annika til for nokre veker sidan. I dette stuntet kastar ho seg bakover og gjer ein «flikk», altså at ho landar på hendene – og så skal partneren kaste ho opp, og ho skal bli ståande.

Gode vener

Når ho ikkje er på trening så gjer ho lekser eller er saman med vener. Det hender at ho er saman med vener på laget utanom trening også.  

Det er mange på laget som møtes etter trening. Me har også lagbygging for å samle laget, fortel ho.

Landslaget er målet

Annika fortel at det går fint å trene kvar dag.

Eg bestemte meg for å komme inn på elitelaget, så difor har eg valt å trene så mykje. Eg vil bli best! Hovudmålet mitt er å komme inn på landslaget, og eg veit at det er nokon i 9.-10- klasse som får sjansen til å trene med landslaget. Det vil eg!

Visste du at…

Cheerleading er ein sport der lag konkurrerer mot kvarandre med koreograferte show.