Den «ekte» Rapunzel

Abril Lorenzatti (17) har rekorden for «verdas lengste hår på ein tenåring», melder Guinness World Records. Ho starta å spare då ho var 6 år.

Håret er langt og minnar om ein Disney-figur, men denne jenta sit ikkje innelåst i eit tårn. Folk i den vesle argentinske byen Villa Carlos Paz viser ho stolt fram. Håret er 1,52 meter langt, og Abril har spara i 11 år får å få det slik.

Ifølgje Guinness World Records har Abril kun nytta sjampo og balsam frå den lokale butikken, og vaska håret anna kvar dag.

VIDEO: YouTube/Guinness World Records