Fem om dagen

Mange har nyttårsforsett om å ete meir frukt og grønt. Ein måte å gjere det på er å tenke på «5 om dagen». Men kva betyr det, og kvifor er det så viktig?

«5 om dagen» betyr rett og slett at ein bør fargelegge maten med frukt, bær og grønsaker. Det er for å forebygge mot sjukdomar. Du har kanskje høyrt om kreft, hjarte- og karsjudomar, høgt blodtrykk, overvekt og diabetes? Frukt og grønsaker inneheld mykje av det som er forebygande.

Det er heldigvis ikkje normalt at barn får alle desse sjukdomane, men det er lurt å starte tidleg med å få i seg nok av dette.

Fem porsjonar bør til saman vege rundt 500 gram. Halvparten bør vere frukt og bær, og halvparten vere grønsaker.

Eit godt tips er å ete opp frukta du får på skulen.

(Kjelde: Opplysningskontoret for frukt og grønt)