Vatnet har ein merkeleg eigenskap. Det er nemleg tyngst når det er pluss fire grader celsius. Difor er vatnet som er på botten i ferskvatn alltid pluss fire grader celsius, skriv Forskning.no.
Varmt vatn veg mindre enn kaldt vatn. Det er difor dette vatnet legg seg over det kalde vatnet når du badar.
Det som skjer når vatn vert varma opp, er at molekylene beveger seg meir og meir etter kvart som temperaturen aukar. Då vert vatnet lettare. Molekyla er små byggesteinar som vatnet er bygd opp av.