Mange fleire faktabøker på nynorsk

Så langt i år er det kome minst 12 faktabøker for barn på nynorsk.

På to år er talet på utgjevingar av nye, nynorske faktabøker for barn og unge firedobla frå 3 i 2015 til minst 12 i 2017.

– Nokre barn er meir opptatt av faglitteratur enn skjønnlitteratur. Alle må få noko som interesserer dei, seier Kristin Ørjasæter som er sjef for Norsk Barnebokinstitutt. Ho er glad for at forlaga Samlaget og Gyldendal har auka talet på faktabøker.

Her bøkene som har kome i 2017:

Vaken? Ei godnattbok om dyr som ikkje søv om natta.  Ei lærerik bok med både fakta og historiar skrive av Erna Osland og illustrert av Anna Fiske.

Brevet frå krigen. Jorun Emilie Holm var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg. Ho fortel spennande historiar om å vera barn under krigen i Noreg. Ingunn Røyset har skrive boka.

Gustav Vigeland sin mest kjende skulptur er av Sinnataggen. Foto: Hans A Rosbach/ FlickrKva er greia med alle dei nakne folka i kunsten? Les meir om boka her! 

 

Superrask. Kor fort køyrer den raskaste berg-og-dal-banen i verda? Kva heiter den raskaste greske guden? Og kor fort svømmer eigentleg eit menneske – i forhold til ein hai?

Supersterk. Her får du morosame fakta om muskuløse folk og galne styrkerekordar.

 

Supersmart. Kva betyr det eigentleg når ein seier at nokon er smart? Og har storleiken på hjernen noko å seie? I denne boka møter du historiske personar som er kjende for smarte oppfinningar og oppdagingar.

Visste du at…? Hund. Visste du at hundar sveittar frå nasen? Eller visste du at ein hund er like smart som eit barn på to år? Anna Fiske har laga ei faktabok med morosame og overraskande fakta om hunden, mennesket sin beste venn.

Visste du at…? Hest. Visste du at hesten kan sove ståande? Eller visste du at hesten kan tisse nesten 10 liter i løpet av ein dag? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hesten. Boka er laga av Anna Fiske.

Visste du at…? Katt. Visste du at katten bruker halen til å halde balansen? Eller visste du at kattar søv det meste av livet sitt? Og at dei drøymer når dei søv? Anna Fiske har laga faktaboka med morosame fakta om det vanlegaste kjæledyret i Noreg.

Humorboka. Har du humor? Liker du å få andre folk til å le? Terje Torkildsen har skrive ei faktabok om kva som får oss til å le. Boka har fleire fun facts om humor, og er ganske nyttig viss du vil få andre til å le.

Stamceller. Kroppens superheltar. Når Øystein Runde teiknar og fortel om stamceller, blir fagstoffet lett tilgjengeleg, leikande og humoristisk. Slik kan barn og unge (og vaksne!) få kunnskap om eit tema som mange ikkje kjenner særleg mykje til, men som vil bli veldig viktig i framtida. Les intervju med forfattaren her!

Do. Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie. Sjå video under: