Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten?

Mange eldre måleri og statuar er ofte av nakne personar. Kvifor er det slik?

Gustav Vigeland sin mest kjende skulptur er av Sinnataggen. Foto: Hans A Rosbach/ Flickr
Gustav Vigeland sin mest kjende skulptur er av Sinnataggen. Foto: Hans A Rosbach/ Flickr

I Noreg har vi ein stor park som heiter Vigelandsparken. Parken er ein del av Frognerparken som ligg i Oslo. Her er det 214 skulpturar, og alle er av nakne menneske. Det er Noregs mest besøkte turistattraksjon med over ein million besøkande kvart år.

Gustav Vigeland som modelerte skulpturane har fått parken oppkalt etter seg.

Men kvifor er folk så galne etter å sjå nakne menneske?

Her har nokon vore akt-modell, for nokon som har teikna ein menneskekropp. Foto: Neil Tackaberry/ Flickr
Her har nokon vore akt-modell, for nokon som har teikna ein menneskekropp. Foto: Neil Tackaberry/ Flickr

Dei som går på kunstskule eller kunstkurs øver seg gjerne på å teikne menneskekroppen. Då teiknar dei ofte nakne personar. Det heiter akt-teikning. Dei som kan kunst meiner at ein må forstå anatomien for å kunne teikne eit menneske. Og det er difor ein øver seg på å teikne nakne kroppar.

Heilt tilbake til gresk tid har menneska meint at kroppen er utruleg vakker og at ein måtte studere han.

Å vere naken i kunst er eit symbol på nytt liv. Det er litt som når eit barn kjem til verda blir ein fødd utan klede. Det er det kunsten viser med å ha nakne kroppar. Det er eit symbol på noko nytt.

Det er heilt sikkert kunstnarar som ikkje har det i tankane når dei lagar kunst med nakne kroppar, men det er iallfall ein grunn som mange brukar. Mange tenker også at nakne kroppar gir meir interesse.

Ny kunstbok frå Samlaget

Gustav Vigeland sin mest kjende skulptur er av Sinnataggen. Foto: Hans A Rosbach/ Flickr
Samlaget er aktuell med ei kunstbok for barn av forfattar Susie Hodge. (Illustrasjon: Samlaget)

Samlaget har kome med ei barnebok som tek for seg mange spørsmål om kunsten. Boka som heiter “Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten?” gir svar på mykje ein kanskje lurar på.

Her får ein svar på alt frå om pissoar kan vere kunst, om kvifor det ofte er frukt med i måleri, om fyrstikkmenneske kan vere kunst eller om ein må vere smart for å sjå på kunst. Det står også om kvifor kunst er så dyrt. For kvifor er det slik at nokre ting blir seld for millionar av kroner, medan andre ting ikkje er verd noko som helst?

Alt dette, og mykje meir kan du lese i boka.