I dag er årets mørkaste dag

No går vi mot lysare tider! Her er fem ting du kanskje ikkje visste om denne dagen.

Aktivitetar du kan gjere på ein mørk dag:
  • Lag kakao med marshmellows, fyr i peisen eller tenn eit lys – og snurr julefilm!
  • Ta med deg lommelykt og gå ut i mørket. Verda ser ganske annleis ut når det er mørkt og ting får litt lys på seg.
  • Sjå på stjernene. Spør ein vaksen om å vise deg stjernemønster på himmelen. Ser du karlsvogna?
  • Gå på kveldstur med familien, sjå etter julelysa rundt husa i nabolaget.
  • Du kan spreie juleglede! Kva kan du gjere for å lyse opp dagen til nokon?
  • Har du snø der du bur? Ak på kvelden! Gå på ski, bygg snømann, snølykt, eller ha snøballkrig med naboungane.
  • Samle saman vener, et peparkaker og fortel spøkelseshistorier til kvarandre.
  • Har du ikkje snø? Leik uteleikar! Sjå her: Spenn på boks.
LES FAKTALUKK FAKTA
  • Vintersolverv på den nordlege halvkula skjer i desember kvart år.
  • Denne dagen står sola lågare på himmelen midt på dagen enn nokon annan dag i året.
  • Ordet «solverv» kjem frå det latinske ordet solstitium, som betyr «sola står stille».
  • På norsk seier vi også at sola «snur». Dette heng sammen med at vi står på jordkloden og ser opp på sola. For det er jo ikkje sola som beveger seg, men jordkloden som går rundt sola.
  • Det som eigentleg har skjedd sidan førre solverv, er at jordkloden har flytta seg til andre sida av sola, slik at den nordlege halvkula tippar vekk frå sola i staden for mot sola, slik den gjorde ved sommarsolverv

Sjå video som forklarer det heile på engelsk: