Spenn på boks

I haustmørket er det gøy å leike ute! Spenn på boks passar for tre personar eller fleire.

Slik er leiken:

  • Ein person står inn mot ein stolpe, eit tre eller ein boks og tel til 20.
  • Dei andre gøymer seg.
  • Blir du oppdaga? Spring mot boksen for å prøva å redda deg sjølv. Kjem den som har han først til boksen, og roper ut «spenn på boks», blir du fanga.
  • Klarer du å koma før den som har han, er du redda. Du kan redda seg sjølv på to måtar.
  • 1: Rop ut «spenn på boks». Då byrjar spelet på nytt for dei som er blitt redda. Han som har han må då stilla seg opp og telja på nytt, medan resten gøymer seg.
  • 2: Den andre måten er å redda berre seg sjølv ved å ropa «meg sjølv på boks». Fordelen er at ein er fri heilt fram til alle er blitt tatt, og då kan du gøyma deg og prøva å frigjera alle fangane.
  • Når alle er blitt tatt er det vanleg å skifta på kven som skal stå og telja. Det er vanleg at den som vart fanga først får dette ansvaret.