Emma tok saka i eigne hender

Emma tok saka i eigne hender og starta sin eigen miljøbevegelse.

Emma med plakaten. Foto: Linn Huse-Amundsen

Emma Huse-Amundsen er 11,5 år og kjem frå Kjelsås i Oslo.

Ein dag klarte ikkje Emma å ikkje bry seg. Ho fann fram papir og penn og laga seg nokre plaktar som ho ville henge opp rundt om kring i nabolaget.

Og bodskapen har tydeleg kome fram for Framtida junior fekk auga opp for denne jenta på Instagram.

– Eg ville gjere noko som får folk til å bry seg meir og gjere noko med situasjonen slik at vi slepp å flytte frå planeten i framtida, seier Emma til Framtida junior.

Mora til Emma kan fortelje at plakatane har hatt effekt. Ho tok med ein plakat og hengde han opp på kontoret, noko som resulterte i at ein kollega pakka inn alle gåvene ho hadde kjøpt i gråpapir.

Emma er ei klok og reflektert jente med mange fine tankar. Her kan du lese kva som stod på plakaten.

Gjer ein forskjell

Gjer ein forskjell og redd jorda! Dette er veldig trist, men det betyr ikkje at vi kan la vere å gjere noko med det! Vi har berre ei jord, så vi må ta vare på ho.

Tips til korleis du kan bidra

  1. Pakk inn gåvene til jul med gråpapir eller aviser. Ikkje glansa papir.
  2. Begynn å kjeldesortere. Det er ikkje noko vanskeleg og det gjer jorda så mykje betre.
  3. Kjør meir kollektivt, ikkje bil. Og ikkje køyr barnet ditt til skulen. Følg det heller til skulen, då blir det mindre trafikk.
  4. Dersom du køyrer mindre bil og fly så slepp du å køyre båt til stadane du skal i framtida.
  5. Ta eit bilete av denne plaktaten og send det til andre. Dersom du følger tipsa og deler denne plakaten bidreg du til ei betre jord.
  6. Gi heller opplevingar og heimelagde ting til jul. Ikkje gi så mange kjøpte gåver.