Lineah Olderkjær Veivåg (7) og Anna Oline Boland Romslo (7), synest det er heilt greitt at foreldra veit kvar dei er.
– Me kan ringe dei om nokon gjer noko stygt mot oss. Me kan også ringe om at me vil heim, seier Lineah.
– Om nokon seier du ikkje får vera med dei, så kan du ringe til mor di. Eller om me ikkje får gå over vegen frå dei me er på besøk hos, kan me ringe for å bli henta, seier Anna Oline.
– Det er greit om dei ser oss på kartet, Anna Oline (7)
LES KVA BARNEOMBODET OG DATATILSYNET SEIER HER: – Ungar treng å ha ei hytte ingen veit om
Trygge barn
Bonuspappaen til Anna Oline, Stian, kjøpte klokke for å lettare få kontakt med ho. Heime har dei diskutert kva dei skal bruke klokka til.
– Når ho tek buss, har ho klokka i sekken. Ho får ikkje bruke den før ho er på bussen. Om ho skulle gå av på feil plass, eller gå på feil buss, kan ho ringe oss. Slik veit me kor ho er, og ho kjenner seg trygg, seier han.
Dei nyttar ikkje GPS-sporinga.
– Den har eg berre nytta ein gong for å finne klokka som var forsvunnen, fortel Stian.
Mamma til Lineah, Bente Olderkjær, fortel at det var andre grunnar til å kjøpe klokka enn GPS-sporinga.
– Me kjøpte klokke fordi me synest at ho er for lita til å ha mobiltelefon. Men me synest det er greit å kunne få tak i ho om ho er hos vener. Ein mobiltelefon kan ho legge frå seg, men mobilklokka har ho på armen, så det er lettare å få tak i ho, seier Bente.