– Ungar treng å ha ei hytte ingen veit om

Er det greit at telefonklokka og mobilen din fortel foreldra dine kor du er?

Kva er personvern og barnekonvensjonen?

Personvern handlar om at du har rett til eit privatliv og at du har rett til å bestemme over dine eigne personopplysingar. Personopplysningar er navnet ditt, adressa di, kva tid du er født, personnummeret ditt, e-postadressa di, fingeravtrykket ditt, informasjon om kvar du er fysisk, og kva du gjer på, og liknande informasjon.

(Datatilsynet)

Barnekonvensjonen er ein avtale mellom nesten alle land i verda. Der står det om korleis alle barn i verda skal ha det. Noreg har underskrive barnekonvensjonen, og difor er den norsk lov. Barnekonvensjonen gir barn eigne rettar, til dømes rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rett er at barn skal bli høyrt i saker som gjeld dei.

(Barneombodet)

LES FAKTALUKK FAKTA

I fine fargar, og med høve til å ringe og få meldingar, vart telefonklokker raskt populære. Det mange ikkje veit, er at klokka også har GPS, som er ein sendar inni klokka som sender ut eit signal om kvar du er. Dette gjer mobiltelefonar også.

Hemmeleg kjærast

Bjørn Erik, direktør i Datatilsynet meiner det er feil å spore ungar ved hjelp av GPS.

– Barn har også rett på privatliv, og det er viktig å få halde noko hemmeleg. Dei treng gøymestader ingen kjenner til, dei treng ta ein snarveg utan å melde frå, ha ein hemmeleg kjærast, og ei hytte ingen veit om, seier han.

SJÅ VIDEO: LINEAH OLDERKJÆR VEIVÅG (7) og ANNA OLINE BOLAND ROMSLO (7) HAR TELEFONKLOKKER.

Respekt for andre

Han seier han ikkje ser noko godt i bruk av GPS-sporing.

– Foreldre og skule må lære barn om å respektere andre barn sitt privatliv. Korleis skal barn lære at dei skal respektere andre hvis foreldra deira ikkje har respekt for barna sitt?

Han er bekymra for at GPS i mobil og telefonklokker skal gi ungar kjensla av at Noreg er eit utrygt land.

Barneombod Anne Lindboe er også kritisk til klokkene og telefonane.

Eg er skeptisk. Barn har etter barnekonvensjonen rett på privatliv, og GPS-sporing meiner me kan bryte med denne retten. Foreldre må godta at ein ikkje alltid kan vita kva ungane driv med, seier ho.

Sei di meining

Ho synest det i nokre fall kan vera greitt med overvaking.

– Om du som er barn meiner det kan gi deg ein betre kvardag, er det jo greitt. Men dersom eit barn opplever at foreldra vil spore dei, og dei sjølv ikkje vil, så må alle snakke saman for å finne ut korleis ein kan løyse det med respekt for barnet, seier ho.

Dersom foreldra dine er bekymra for noko, og difor ønskjer å overvake deg, så bør dei også diskutere saka med deg, ifølge Anne.