Vår supervenn, Petter

Du har heilt sikkert sett han i TV-serien, Min venn Marlon, som går på NRK Super. Du kjenner han kanskje som Hugo, men eigentleg heiter han Petter.

Petter sine auditiontips

  • Ver som du er. Ikkje prøv å ver nokon andre.
  • Bruk stemma di. Når du skal vere sint må du snakke med høg stemme. Når du skal vere lei deg, må du snakke med lågare stemme.
  • Når regissøren ber deg om noko, så gjer du akkurat det han ber deg om.
LES FAKTALUKK FAKTA

Petter er prikk lik karakteren han spelte, men kanskje ikkje på absolutt alle måtar.

– Hugo blir sur når han ikkje får ha Marlon for seg sjølv, men slik er ikkje eg. Eg har fleire å leike meg saman med. Hugo er veldig morsom, og det har eg høyrt at eg også er. Så vi er både like og ulike

Petter tek seg til håret. – Og så har eg fått lengre hår. Eg trivst med litt meir hår enn det Hugo har.

Her er heile familien til Petter samla. Storebror Max, pappa Mikael, Petter, storesøster Mia og mamma Cathrine.

Det er søstera sin «feil»

I fjor haust var han Hugo på heiltid. Det var nesten 60 opptaksdagar. No kan han og familien sjå serien på TV. Storesøster til Petter, Mia, fortel at ho kallar seg for manager, berre på tull. Det var nemleg ho som melde Petter på audition. Ho såg ein annonse på nettet, som ho meinte passa han heilt perfekt. Foreldra sa at det var greit, og så gjekk det som det gjekk. Petter fekk rolla som Hugo.

Flyproblem

Når ein lagar TV er det mykje ein skal hugse på. – Det vanskelegaste var kanskje å hugse alle replikkane, og så var det vanskeleg å ikkje le, når ein måtte vere alvorleg.

Petter hugser spesielt ein dag som skilte seg ut. Det var ein scene dei filma ute på det som i TV-serien heiter Fotballkroken.

– På berre ei scene måtte vi stoppe 37 gongar på grunn av fly som flaug over oss. Vi hadde ein fly-app som viste når vi kunne filme, og når vi måtte vente. Det vart ein lang dag, minnast Petter.

Monsterkake som gjorde han kvalm

Det var ei scene som Petter hugsar veldig godt. Det var scena der Hugo skulle feire bursdagen sin.

– Rekvisitøren hadde laga ei svær, grøn monsterkake som vi skulle ete på ekte. I starten smakte det godt. Det var den beste kaka eg hadde smakt nokon gong, men scena måtte filmast fleire gonger, og vi måte ete om att og om att mange gonger. Mot slutten var eg skikkeleg mett. Eg skal aldri ete ei slik kake igjen, seier Petter.

Det mest morosame var opplevinga, og møte alle som var med på å lage TV-serien. Det er mange som jobbar i crewet når ein skal lage ein TV-serie kan Petter fortelje.

– Det var rundt 20 menneskje som jobba bak kamera, og så var det oss skodespelarane.

Petter brydde seg ikkje om at folk bak kamera såg på han. – Eg tenkte ikkje på dei. Eg tenkte berre at eg skulle gjere jobben min og gjere det bra.

Men likevel var det éi scene som gjorde han meir flau enn andre. Det var då han skulle spele at han var forelska i Alice. – Akkurat det var veldig flaut, seier han.

Her skriv Petter og Martin sine fyrste autografar under innspelinga.

Petter er kjendis

Når ein er med i ei TV-serie blir ein ofte gjenkjent. Då han var på Tusenfryd kom folk bort til han.

– Det er litt rart at folk liksom kjenner meg, sjølv om dei ikkje gjer det. Det er veldig rart, men også veldig gøy. Eg ville absolutt gjort det igjen, avsluttar Petter med eit enormt stort glis.

Her kan du sjå TV-serien, Min venn Marlon (Du blir sendt til NRK Super sin nett-spelar)