– Ingen skal kjenne seg stygg

Eg synest mobbing er eit veldig viktig tema å snakke om, skriv Emilia Kloven Rinne (10) i sitt lesarbrev til Framtida Junior.

Det finst to typar mobbing: Nettmobbing og vanleg mobbing. Eg kjenner ingen som blir mobba, eller har blitt mobba, men eg veit om nokon.

Nokon av dei som mobbar har ein grunn til at dei gjer det. Til dømes at dei har blitt mobba sjølv, eller at dei ikkje har fått ein god oppdragelse av foreldra sine. Eg har vore med på noko som heiter «Bruk hue» med klassen, der me såg fire små videoar om nettmobbing. Dei handla om to bestevenner, og ho eine vart nettmobba.

Eg synest det er eit viktig tema fordi eg ikkje synest nokon skal gå rundt og kjenne seg stygg eller ikkje bra nok slik dei er. Det er dumt om nokon gruer seg til å gå på skulen. Om nokon som mobbar les dette innlegget, håpar eg du forstår at mobbing sårer mange barn og vaksne.

Det er mange barn som har sosiale medier sjølv om dei er for unge, til dømes Snapchat, Instagram og Facebook. Eg vil at mobbinga skal slutte, og eg håpar at du som les dette innlegget skjønar kor viktig dette er, og at du likar det eg skriv.