Oppskrift på grøn milkshake til 2 personar
Du treng
- 6 dl mjølk
- 6 ss vaniljeis
- 8 dl banan eller annan frukt du likar
- Grøn konditorfarge (Du kan få farge av å ha i frukt eller grønsaker som gir farge.)
Slik gjer du det
- Ha mjølk, is og frukt i ein blender. Du kan også ha det i ein bolle og bruke ein food processor.
- La maskina gå til alt er blanda. Ha i litt konditorfarge. Du bestemmer sjølv kor mykje farge du vil ha. La maskina blande inn fargen.
- Ha milkshaken opp i halloweenglaset, putt i eit sugerøyr, og vips! Så har du ein halloweendrikk.
Slik lagar du eit halloweenglas
Du treng
- Eit tomt syltetøyglas
- Tape/limband
- Bandasje eller dopapir
- Svart og raud sprittusj
Slik gjer du det
- Fyrst teiknar du auge med svart tusj. Litt over midten på glaset.
- Start med å feste eine enden av bandasjen/dopapiret nedst på glaset med ein tapebit.
- Surr bandasjen/dopapiret rundt glaset, pass på at auga er synlege.
- Avslutt med å feste med ein tapebit.
- Du kan teikne med raudt på bandasjen/dopapiret.