Framtidajunior Kultur Spanande og godt om heksejakt og heksebrenning
Frå framsida av boka som er illustrert av Christian Bloom. Foto: Samlaget

Spanande og godt om heksejakt og heksebrenning

BOKMELDING: Finn ut meir om hekser på kort tid, i denne flotte boka av Aina Basso!

Heksejakt

Aina Basso
Heksejakt og heksebrenning i Europa
Samlaget 2016

LES FAKTALUKK FAKTA
Denne boka var både kjekk å lese, og hadde kule illustrasjonar. På 168 sider tar Aina Basso for seg fakta om hekser på 1600 – 1700-talet, og beskriv veldig godt korleis dei vart behandla. I tillegg får du lese om djevelen, helvete, himmelen og meir.

Boka byrjar med å forklare kva ei heks er, og går vidare med å fortelje om diverse kvinner og menn som blei tatt for å vere enten heks eller trollmann. Det blei veldig godt forklart korleis «heksene» blei torturert og drepne, berre fordi folket trudde dei dreiv med svart magi. Svart magi er òg noko som blir fortalt om i boka. Korleis folket trudde heksene brukte svart magi for å oppnå det dei ville, men det var og god magi. Nokon formlar er òg skrivne i boka.

Det er òg ein del vanskelege ord, men heldigvis blir dei forklarte undervegs, og viss du fortsatt lurar, går det an å slå det opp på dei bakarste sidene. Hekser over heile verda blir det fortalt om, og mykje om dei i Noreg. Svartebøker, diabolisme, maleficium, dette er ord du må lese boka for å høyre meir om.

Sjølv synest eg at dette var ei spanande bok, og eg blei overraska mange gonger. Det er fakta, teoriar, rettsakar, og mykje anna, som er sett opp på ein veldig bra måte for å fortelje historia til heksene. Overtruisk eller ikkje, så anbefalar eg denne boka til alle.

Les intervju med forfattaren!

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR