Framtidajunior Kultur Ellevilt klimaeventyr

Ellevilt klimaeventyr

Rolf Losnegård har klart å skrive både leikent, poetisk, humoristisk og med ei nerve og driv over klima som eit tema.

I barneboka Det forferdeleg geniale frese-sky-flyet møter me ein genial oppfinnar med det herlege namnet Sir Nataniel Umulius Trompeterstråle Tutt, også kjend som Snutt. Han lagar dei underlegaste ting for folk i landet Gnore, som ikkje er så langt frå Nordpolen.  Som til dømes stjernefangarar som fanga inn stjerner frå verdsrommet, pussa av dei stjernestøvet og sende dei ut igjen i lange baner.

Då ungdommane i byen Olsen i Gnore vil ha sol og varme heile året går oppfinnaren i gang med å laga eit frese-sky-fly som fangar opp alle skyene. Då blir det så fint vêr og varmt på Nordpolen at isfjell og isflak smeltar. Den vesle isbjørnen, Burrr, som er så skrekkelig redd for vatn kjem snart i trøbbel.  Det trygge og gode isflaket smeltar. Vatnet i Gnore byrjar kjapt å stige. Innbyggjarane kan ikkje lenger vera inni husa sine, men sit på hustaka.  Me kan røpa så mykje at det skjer ein heftig klimakamp mellom oppfinnaren Snutt og ungdommane i boka – og at isbjørnungen blir ein liten helt!

Det forferdeleg geniale frese-sky-flyet har morsame og spennande detaljrike illustrasjonar laga av Fredrik Rysjedal. Rolf Losnegård har klart å skrive både leikent, poetisk, humoristisk og med ei nerve og driv over klima som eit tema.

Boka eignar seg for høgtlesing for barn frå 6 år og oppover, og til sjølvlesing frå ca. 9-10 år.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR