Den gigantiske pandaen Bei Bei bur i Washington i USA i ein dyrehage som heiter Smithsonian’s National Zoo.
Då han hadde bursdag 22. august bestemte dyrepassarane at dei skulle gjere dagen ekstra spesiell. Dei laga ei svær iskake han kunne kose seg med, og han fekk gåver.
Fekk namn
I 2015, fem veker etter babypandaen kom til verda, fekk han namnet sitt av Michelle Obama og Peng Liyuan. Michelle Obama er gift med Barack Obama som var president i USA det året, og Peng Liyuan er gift med presidenten i Kina.