Josefine spelte inn musikkvideo

Josefine (9) likar å opptre. Det fekk ho gjere då ho spelte inn musikkvideo saman med YouTube-kanalen Jubeltube.

Jubeltube

Jubeltube er ein barnekanal på YouTube. Programleiarane består av trioen Linn-Agnete Olsen, Håvard Paulsen og Mats Holm Ernstsen. På Jubeltube kan dei yngste lære nye og kjente barnesongar, sjå sketsjar og andre filmar som tek barna med på ei fantasifull og magisk reise. Jubeltube turnérar også rundt og held show for barn.

LES FAKTALUKK FAKTA

Låten “Prøvde å vere litt morsom” handlar om at vaksne ikkje alltid har humor på ting. Josefine spelar ei jente som prøver å snu dette, og tullar med far sin med blant anna å ha kaviar i tannkremtuba.

Kreativ og god på å vise kjensler

Josefine var einaste barnet på filminnspelinga. Ho fekk jobben fordi regissør Linn-Agnete Olsen visste at ho kom til å klare det.

– Josefine er kreativ og veldig lett å jobbe med, fortel Linn-Agnete. – Det kjem av at ho er interessert i teater og likar skodespel. Ho er god på å vise kjensler. Og det beste er at det verkar som at ho synest det er gøy.

(Artikkelen held fram etter videoen)

Mykje juks og fanteri

Josefine har gjort liknande ting før, og synest det er gøy å spele ein annan karakter enn det ho eigentleg er. I musikkvideoen spelte ho ei litt tullete jente som finn på mykje rart.

– Eg gjer mykje tull til vanleg også, men ikkje slik som jenta i musikkvideoen, seier ho.

I musikkvideoen måtte ho stele ein katt, ha lim i hatten til liksom-pappaen og gøyme brillene hans. På film ser alt ut som det skjer på ekte, men Josefine kan fortelje at mykje er juks og fanteri.

– Ingenting var på ekte. Alt var skodespel, seier ho.

Jubeltube består av Linn-Agnete Olsen, Håvard Paulsen og Mats Holm Ernstsen.
Jubeltube består av Linn-Agnete Olsen, Håvard Paulsen og Mats Holm Ernstsen.

Kjekt å bli gjenkjent

Det er mykje som er gøy med å lage film. Ein ting er at det er kjekt å vite at andre kjem til å sjå henne etterpå, men det kjekkaste er kanskje sjølve skodespelet.

– Det er det som er gøy med skodespel, ein får gjere noko heilt anna enn det ein vanlegvis gjer. Ein får liksom tulle litt.

Prøver å gjere det slik eg vanlegvis gjer

Når Josefine blir filma prøver ho å ikkje bry seg om kva dei andre rundt henne gjer. For det er ofte mange som står bak kamera.

– Når eg skal vise kjensler prøver eg å tenke over korleis eg hadde gjort det om det var på ekte. Skal eg vere nervøs skjelv eg litt i beina, legg kanskje henda på magen og beveger meg, akkurat slik eg gjer om det hadde skjedd på ekte.

Øve og øve

Til andre som kunne tenke seg å vere med på noko liknande har Linn-Agnete nokre tips.

– Ein må vere tolmodig, for når ein lagar TV er det mykje venting. I tillegg er det lurt å vere kreativ og ha god fantasi. Ta kontakt med folk som driv med desse tinga, og gå på auditions.

Og så er det berre å øve sjølv.

– Øv deg på å spele forskjellige situasjonar. Kanskje framføre speilet, eller filme det med mobilkameraet. Ein lærer heile tida, og ein dag, så er det kanskje din tur.