1. I gjennomsnitt et kvar nordmann cirka tre kilo jordbær i året.
2. Jordbær er faktisk ikkje bær, men ein «falsk frukt», ifølgje institutt for biovitenskap ved Universitetet i Oslo.
3. Lange lyse dagar, og kaldt klima, gjer at dei norske bæra brukar lang tid på å bli modne. Det gjer at dei vert søtare enn mange andre jordbær.
4. Det tyngste jordbæret i verda er det du ser i videoen øvst i saka – det er heile 250 gram!
5. Jordbær er ikkje berre supergode, dei er også sunne! Dei inneheld både C-vitamin, folat og kostfiber.
Jordbæra du finn i butikken no er ikkje norske, men innan 23. juni vil dei ekstremt gode, norske bæra vere tilgjengeleg.