Er du ein artsjeger?

Laurdag 2. juni leita barn og vaksne over heile landet etter flest mogleg artar i naturen. Både planter, dyr og soppar!

Artsjakta handlar om å leite etter artar, finne ut kva artar du har funne, og skrive dei inn i databasen Artsobservasjoner.

– Denne dagen ønskjer vi å skape eit bilete av artane vi kan finne i Noreg. Ekspertar og naturinteresserte møtes og jobbar saman, seier Helene Jensen som er naturforvalter i Sabima. Det er ein miljøorganisasjon som jobbar for å stoppe tapet av artar i naturen.

LES MEIR: Selma (7) og Kasper (7) fann 25 artar

I Noreg er det faktisk oppdaga over 40.000 ulike artar av sopp, planter og dyr. Du finn dei over og under vatn, i djupe skogar og midt i byen.

ENGASJERT: Helene Jensen jobbar med å bevare artane vi har i Noreg. FOTO: Sabima

Rare artar

– Norsk natur er full av snåle, fascinerande soppar, algar, planter, fuglar, pattedyr og insekt, seier Helene.

Det finst faktisk 2000 artar av lav berre her i Noreg.

– Vi har kjøtetande soldogg på myra og maurløver som dreg byttene sine ned i trakter på sandbakken. Å vite at gubbeskjegg ser ut som skjegget til ein gamal mann, at reinlav ser ut som geviret til reinsdyr, eller at kartlav ser ut som, ja, eit verdskart, opnar ei ny verd av opplevingar i naturen, seier Helene.

Funna vart delt på sosiale medium med emneknagg #artsjakten2018. Der kan du sjå ein del av det som vart funne denne dagen.