Tre om 17. mai

Stig (12), Thea (12) og Thekla (10 fortel kva dei gjer på sjølvaste 17. mai!

Stig Kvam, 12 år (har bursdag i dag), Jostedal:

FOTO: Mette Frydenberg Reinertsen

Korleis feirar du 17. mai?

– Eg går i tog – eg spelar tromme i korpset.

Kva gjer du 17. mai?

– Eg har bursdag den dagen, så eg opnar presangar, og etter toget er det underhaldning og leikar for heile bygda på Samfunnshuset.

Kva et du den dagen?

– Eg et is og pølser.

Leikar du på 17. mai?

– Ja, vi har sporleik med lag (som går ut på at laget skal svare på spørsmål og klare ulike utfordringar), og me har stafettar som sekkeløp og potetløp – og masse anna.

Thea Tuften, 12 år, Jostedal:

FOTO: Mette Frydenberg Reinertsen

Korleis feirar du 17. mai?

– Eg går i tog.

Kva gjer du på 17. mai?

– Eg opptrer med skulen.

Kva et du den dagen?

– Eg et is og pølse med brød.

Leikar du på 17. mai?

– Ja, eg er med på sporleik.

 

Thekla Øst Reinertsen, 10 år, Jostedal:

FOTO: Mette Frydenberg Reinertsen

Korleis feirar du 17. mai?

– Går i tog og syng for heile bygda.

Kva gjer du på 17. mai?

– Eg er saman med venene mine.

Kva et du den dagen?

– Godteri og is.

Kva leikar du på 17. mai?

– Ja, eg er med på sporleik, og andre konkurransar.