Verden blir varmare, naturen er i fare,
men ingen av oss menneska klarer
å gjere ein einaste ting med slike problem,
me sit berre og tenkjer på flotte, dyre diadem.
Men det er viktig å gjere noko fort,
fordi Nordpolen held på å smelte bort.
Om berre me visste kva me kunne gjere,
då hadde heile verda vorte betre.
Du kan gjere små endringar i kvardagen,
som å endre kva du puttar i magen.
Du kan jo bytte ut kjøtt med grønt,
Det hjelper miljøet, det har du vel skjønt.
Så viss du gjer små endringar som dette,
Slepp nordpolen kanskje å sveitte,
Og verda blir ein betre stad,
I alle fall i ein litt større grad.
Så gjer dette som eg foreslår,
Og ver med å hjelpe jorda vår.