Då GTA 6 blei lansert førre veke, kom Medietilsynet med eit klårt råd: Ikkje la barn spele GTA.
– GTA-serien er kjend for å innehalde grov vald, kriminalitet, seksuelt innhald, rusmiddel, stygg språkbruk og andre tema som er berekna på vaksne, skriv Medietilsynet.
Dei oppmodar foreldre og barn til å følgje PEGIs aldersanbefaling for spelet, som er 18 år.
PEGI er eit system for aldersanbefalingar som blir brukt på dataspel i Europa. Aldersanbefalingane blir sett ut frå valdsinnhald, banning og seksuelt innhald i eit spel.






















