Derfor var det så viktig at Noreg slo Danmark

17. november møtte Noreg Danmark for sin siste kamp i gruppespelet i Nasjonsligaen. Noreg vann 3-2 og fekk potensielt ein ekstra sjanse til å sikre seg EM-plass.

Nasjonsligaen, UEFA Nations League, er ei fotballturnering for europeiske landslag. Nasjonane blir delt i fleire nivå kalla divisjonar, etter kor gode dei er. Kvar divisjon er delt inn i grupper med fleire lag i kvar gruppe, som speler mot kvarandre.

Dei beste laga spelar i divisjon A. Alle laga i kvar gruppe spelar mot kvarandre med ein heimekamp og ein bortekamp.

Vinnaren av gruppene i divisjon A går vidare til sluttspel. Den som vinn finalen, blir meister i Nasjonsligaen.

Vann i siste liten

Under UEFA Nations League 2026/2027 har Noreg spelt i divisjon A og vore i gruppe med Wales, Portugal og Danmark.

Det såg mørkt ut då Noreg møtte Danmark under begge laga sin siste gruppekamp i Nasjonsligaen tysdag 17. november. Etter at Danmark lenge leia 2-0, slo Noreg tilbake og utlikna til 2–2.

Det heile enda med ei straffe på overtid. Det var Haaland som tok ho og sikra Noreg 3-2-sigeren.

Noregs spelarar «ror» etter kampslutt i fotballkampen i Nasjonsligaen mellom Danmark og Noreg i Parken i København. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Med dette kom Noreg på 2.-plass i gruppa og vidare til sluttspelet i Nasjonsligaen. Dei skal anten møte Tyskland, Frankrike eller England i kvartfinalen. Dette blir klart i ei trekning fredag 20. november. Kvartfinalen skjer over to kampar – ein heime og ein borte.

Fleire moglegheiter for EM

Tysdagens siger har også betydning for kor store sjansar Noreg har til å kvalifisere seg til EM i 2028.

For å kvalifisere seg til EM i fotball deltek europeiske landslag på kvalifiseringsspel. Om dei gjer det godt nok der, får dei ein plass i EM.

Om Noreg skulle kome til å ikkje gjere dei godt nok under kvalifiseringa, kan dei likevel ha ein sjanse til å delta gjennom playoff gjennom Nasjonsligaen.

Ein EM-playoff er som ei lita turnering der den eller dei beste kvalifiserer seg til EM.

Til betre eit lag har gjort det under gruppespelet i Nasjonsligaen, til større sannsyn er det for at laget får høve til å delta i playoff.

Sidan Noreg kom på andreplass i gruppa si under Nasjonsligaen, vil det seie at dei har ei ganske god moglegheit til å få ta del i EM-playoff dersom det skulle vere nødvendig.

Kjelde: uefa.com og snl.no