Kva er greia med datasenter?

Når du er på YouTube, spelar Roblox eller spør ChatGPT om noko skjer alt dette på internett - og alt det som skjer på internett går gjennom eit datasenter.

Eit datasenter er ein veldig stor bygning full av kraftige datamaskiner. Desse datamaskinene blir kalla serverar.

Du kan tenkje deg at eit datasenter er eit enormt bibliotek. Medan du finn vanlege bøker i eit bibliotek, er det digital informasjon som blir lagra i eit datasenter.

Når du søker på eller gjer noko på internett, leiter datamaskinene i eit datasenter etter og finn informasjonen og innhaldet for deg.

Inne på eit datasenter. Foto: Pexels

Vi treng mellom anna datasenter til å sjå filmar, spele spel på nett, lagre bilde på nett, bruke kunstig intelligens og bruke sosiale medium.

Sidan vi menneske bruker internett meir og meir, treng vi også fleire datasenter, sidan all internettbruken vår krev meir datakraft og meir lagringsplass.

Bruker mykje straum

Den siste tida har det vore mange diskusjonar rundt bygging av datasenter ulike stader i Noreg. Grunnane til at folk er usamde om dette er ein god ide, er fleire.

Mellom anna bruker datasenter veldig mykje straum sidan datamaskinene må ha straum døgnet rundt. Nokre er bekymra for at datasenter skal bruke så mykje straum at det blir mindre og dyrare straum til andre ting, som bustader, skular og fabrikkar.

Noreg har rett nok mykje fornybar straum frå vasskraft, og nokre meiner at det er smart å bruke denne straumen på datasenter fordi det kan gjere Noreg viktig innan teknologi og kunstig intelligens.

Noreg har mykje vasskraft og dermed mykje fornybar energi. Foto: Pexels

Arbeidsplassar og natur

Ein annan diskusjon når det gjeld datasenter, handlar om arbeidsplassar. Nokre meiner det er lurt å byggje datasenter fordi det kan gi Noreg nye bedrifter og arbeidsplassar, noko som vil vere positivt for økonomien i landet vårt.

Andre meiner at datasenter slettes ikkje vil gi så mange faste arbeidsplassar når dei først har blitt bygde. Når eit datasenter er ferdig, skjer nemleg mykje av seg sjølv, sidan bygninga er full av nettopp jobbande datamaskiner.

Nokre meiner også at det er dumt å bygge store datasenter då dei tek mykje plass og gjer at naturområde blir øydelagde.

Kjelde: snl.no