AURORA slepper låt til tidenes dyraste tv-serie

Den norske artisten er aktuell med ein Iåt i den tredje sesongen av storserien Maktens ringer.

«Ringenes herre: Maktens ringer»
  • Originaltittel: «The Lord of the Rings: The Rings of Power»
  • Ein fantasy-serie basert på J.R.R. Tolkien sine historier frå Midgard. Handlinga finn stad i fleire tusen år før hendingane i Hobbiten- og Ringenes herre-filmane.
  • Nokre av seriens mest sentrale karakterar er alven Galadriel og antagonisten Sauron.
  • Serien er utvikla av J.D. Payne og Patrick McKay for Amazon Prime Video.
  • Serien er kjent som den dyraste serien som er laga nokosinne.
  • Serien har så langt tre sesongar.
LES FAKTALUKK FAKTA

Ein versjon av denne saka blei først publisert i søsteravisa vår, Framtida.no.

– Eg har elska Tolkien-universet sidan eg las bøkene hans som barn. Ringenes herre har vore ein så stor del av livet mitt. Det er ei stor ære å vere ein del av denne eldgamle historia, uttalar Aurora Aksnes i ei pressemelding frå Universal Music Norge.

11. november kom tredje sesong av Ringenes herre: Maktens ringer ut på Prime Video. I denne sesongen av verdas dyraste serie kan du høyre ei kjent stemme frå Noreg.

Jamie Campbell Bower som Celeborn og Morfydd Clark som Galadriel i «Maktens ringer». Norske Aurora har laga ein låt til kjærleikshistoria deira. Foto: Ben Rothstein / Prime

Aurora har skrive låten «Morning shall come» i samarbeid med komponisten Bear McCreary.

Låten tar for seg kjærleikshistoria til alvane Galadriel og Celeborn, spelt av Morfydd Clark og Jamie Campbell Bower.

– Då eg tenkte på den slags kjensledjupne, var stemma di den første eg tenkte på, seier komponist McCreary til Aurora i ein snutt frå Prime Video.

Aurora avslører at Galadriel er ein av favorittane hennar frå Ringenes herre-universet.