I dag er det heilt vanleg å gå på do, trekkja ned og vaska hendene etterpå. Men slik har det ikkje alltid vore.
Fram til 1800-talet brukte mange utedo, bæsja og tissa ute eller tømde avfallet i gatene eller elvene.
Det førte ofte til at drikkevatnet blei ureina. Då kunne farlege sjukdomar som kolera spreia seg raskt.
Ei oppfinning som var langt føre si tid
Allereie i 1596 laga engelskmannen John Harington eit toalett med spyling. Oppfinninga var smart, men ho blei ikkje vanleg med det same.
Først på 1800-talet, då byane voks og fleire menneske budde tett, byrja mange land å byggja kloakk og leidningar som førte avløpsvatnet bort frå husa. Samtidig fekk stadig fleire tilgang til reint drikkevatn.
Det gjorde at langt færre blei sjuke av sjukdomar som spreidde seg gjennom ureint vatn.
Ikkje alle har eit toalett
For dei fleste i Noreg er det sjølvsagt å ha eit toalett heime eller på skulen. Men slik er det ikkje overalt.
19. november er Verdas toalettdag. FN har laga dagen for å minna oss om at over to milliardar menneske framleis manglar trygge toalett. Mange må framleis gjera frå seg ute. Då kan avføring hamna i naturen eller drikkevatnet og spreia sjukdom.
Målet er at alle menneske skal ha tilgang til trygge toalett, reint vatn og gode hygieneløysingar.
Kjelder: FN, UNICEF, Folkehelseinstituttet






















