Noreg skal gje gratis lesebøker til barn rundt om i verda

600 millionar barn lærer aldri å lese. No skal eit prosjekt i Noreg gje barn tilgang på lesebøker på minst hundre språk.

Det er NRK.no som skriv dette.

– Sjølv om dei aller fleste barn i verda går på skule, er det framleis seks av ti som ikkje oppgarbeider seg grunnleggande lese- og rekneferdigheiter, seier utviklingsminister Nikolai Astrup til NRK.no.

– Grunnen er at utdanningstilbodet ikkje har bra nok kvalitet, og at elevar ikkje får tilgang på bøker på eit språk dei forstår, seier han.

Bøker på lesebrett og mobil

Norad jobbar med utviklingssamarbeid, og no skal dei gjere noko med dette problemet.

Norad vil auke tilgangen på læringsressursar slik at barn rundt omkring i verda får lese på sitt eige morsmål. Norad har laga ei nettplattform der målet er at lesebøker skal vere tilgjengeleg på over hundre språk innan utgangen av 2020.