Ein halv million får mindre mathjelp i Gaza

Verdas matvareprogram (WFP) er ein organisasjon som hjelper menneske som manglar mat. No må dei stansa mathjelpa til ein halv million palestinarar på Gazastripa fordi dei manglar pengar.

Fakta om Gaza
  • Gaza er eitt av to område som høyrer til Palestina. Det andre er Vestbreidda.
  • Gaza ligg ved Middelhavet og grensar til Israel og Egypt. Den største byen heiter Gaza by.
  • Det bur om lag to millionar menneske i Gaza. Det er eit av områda i verda der folk bur tettast.
  • Mange av dei som bur i Gaza, er barn og unge.
  • Mesteparten av befolkninga i Gaza er palestinske flyktningar frå 1948. Mange av dei som bur der, kom til Gaza etter å ha flykta under krigane i 1948 og 1967.
  • Mange i Gaza er avhengige av hjelp frå organisasjonar for å klara seg.

Kjelde: Lille norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

WFP åtvarar om at menneska i Gaza framleis treng mykje hjelp. Kuttet betyr at 1,1 millionar palestinarar får månadleg hjelp frå WFP. Dei får hjelp i form av mat eller pengar. Det er rundt halvparten av befolkninga i Gaza, skriv NRK.

WFP har også halvert mathjelpa til palestinarar på den okkuperte Vestbreidda. Også der skuldast kuttet mangel på pengar.

Det var nyheitsbyrået AFP som fyrst omtala saka.