Pingvinar
- Pingvinar er ei gruppe fuglar.
- Dei kan ikkje fly, men er gode symjarar.
- Det finst 18 pingvinartar i verda.
- Alle pingvinartane lever på den sørlegaste delen av jordkloden, som Antarktis, Sør-Amerika, Sør-Afrika og New Zealand.
- Pingvinar et fisk, kril og blekksprut.
- Dei kan vere under vatn i opp til 18 minutt.
Det viser ny forsking frå University of Colorado og Western Washington University i USA.
I snøen på Antarktis lever det algar. Algar lever i vatn og på fuktige stader. Tang i fjæra er døme på algar. Grønske, eit grønt, glatt belegg ein ofte finn på steinar i vasskantar, er eit anna døme.
I snøen på Antarktis lever altså eit tredje døme på ein alge: Snøalgen. Denne er grøn og får næring frå avføringa til pingvinane som lever der. Når pingvinane bæsjar og trakkar avføringa utover snøen veks og trivst algane.
Samstundes påverkar snøalgane kor fort snøen smeltar. Grøne algar i snøen gjer nemleg at 40 prosent meir energi frå sollyset blir teke opp i snøen. Dermed smeltar snøen raskare enn om han var rein og kvit.
Alia Khan var ein av forskarane i studien. I ei pressemelding seier ho at det er viktig å sjå på samanhengen mellom dyreliv, næringsstoff og snøalgar for å forstå kvifor snøen i Antarktis smeltar så raskt.





















