Nokre kjensler er gode å kjenna på, medan andre kan vera vanskelege. Både glede, sorg, sinne og frykt kan fortelja oss noko om korleis me har det.
Har du nokon gong blitt så glad at du berre måtte smila? Eller så redd at hjartet byrja å banka fort?
Kjensler kan oppstå når me opplever noko, men òg når me tenkjer på eller hugsar noko. Dei kan hjelpa oss å forstå korleis me har det, og påverka korleis me reagerer.
Frykt kan få oss til å passa oss når noko verkar farleg. Glede kan få oss til å vilja oppleva noko igjen. Sinne kan fortelja at noko kjennest urettferdig, medan sorg kan visa at nokon eller noko betyr mykje for oss.
Hjernen og kroppen samarbeider
Kjensler skjer ikkje berre inni hovudet. Når me kjenner sterke kjensler, sender hjernen signal til resten av kroppen. Derfor kan hjartet byrja å slå fortare, magen kjennast rar eller musklane spenna seg.
Kroppen sender òg signal tilbake til hjernen. Dei samarbeider heile tida.
Ingen kjenner det heilt likt
Alle menneske har kjensler, men me opplever dei ikkje på same måte.
Nokon viser kjenslene tydeleg. Andre held dei meir for seg sjølve. Nokon blir fort sinte, medan andre blir lettare lei seg. Begge delar kan vera heilt normalt.
Det same gjeld kor sterkt me reagerer. To menneske kan oppleva den same situasjonen, men kjenna heilt ulike kjensler.
Vanskelege kjensler kan òg vera nyttige
Forskarar har ulike teoriar om kjensler. Ei forklaring er at kjenslene våre har utvikla seg fordi dei kan hjelpa oss i ulike situasjonar.
Det betyr ikkje at alle kjensler kjennest gode. Sorg, frykt og sinne kan vera tunge. Likevel kan dei hjelpa oss å forstå oss sjølve, visa kva som betyr noko for oss og seia frå når noko kjennest gale.
Men kjenslene fortel ikkje alltid korleis noko faktisk er. Me kan til dømes bli redde sjølv om me er trygge.
Kjensler spelar ei viktig rolle når me tek val, byggjer vennskap og prøver å forstå andre menneske.
Har du det vanskeleg?
Alle kjenner på vanskelege kjensler innimellom. Dersom kjenslene blir sterke, varer lenge eller gjer kvardagen vanskeleg, er det viktig å snakka med ein vaksen du stolar på. Det kan vera ein forelder, ein lærar, helsesjukepleiar eller ein annan trygg vaksen.
Du kan òg snakka med nokon med ein gong du treng det.
Du kan ta kontakt med Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Telefonen er gratis og open heile døgnet. Du kan òg chatta med ein vaksen på www.116111.no.
Kjelder: Helsenorge, Store norske leksikon, WHO: Verdsdagen for psykisk helse, Alarmtelefonen for barn og unge






















