Kva handlar Over mitt lik om?
– Boka handlar om tolv år gamle Astrid, som flyttar til Bergen. Far hennar har fått jobb som nattevakt i Ghostbnb, eit firma som leiger ut heimsøkte hus til turistar. Astrid synest Bergen er nitrist. Ho kjenner ingen i byen, og regnet auser ned utan stans. Men så får ho ei venninne som heiter Ine, og plutseleg byrjar underlege ting å skje med dei to.
Korleis fekk du ideen til boka?
– Opphavleg skulle eg skriva om ei jente som spelte på ein eggedelar. Draumen hennar var å opptre med Kringkastingsorkesteret. Slik blei det ikkje. Eg opplever ofte at hovudideen bak eit skriveprosjekt forsvinn etter kvart som eg skriv.

– Idear kan minna litt om stillas: Ein set dei opp når ein skal ordna eller måla eit hus. Når ein er ferdig, er dei borte.
Kven er hovudpersonen?
– Hovudpersonen er Astrid. Ho er tolv år, har nettopp flytta til Bergen og saknar staden ho flytta frå. Ho har ein irriterande og betrevitande veslebror som heiter Even. Astrid synest òg det er pes med folk som på død og liv må vera punktlege og rekkja ting – slik som far hennar.
Kven i boka ville du helst hatt som bestevenn?
– Læraren til Astrid heiter Birger og er på alder med meg. Han likar dikt og er glad i å sykla rundt i byen. Eg trur me to kunne funne tonen.

Var det noko som var vanskeleg å skriva?
– Eg brukte ein del tid på å fundera på korleis dette spøkelsesuniverset skulle sjå ut, og kva slags «reglar» som skulle gjelda der. Til dømes: Kva land skal spøkelsa dukka opp i, og kva språk skal dei snakka? Morsmålet sitt? Eit ukjent og kanskje utdøydd språk? Er ikkje det litt kult? Døde som snakkar døde språk? Svaret viste seg å vera nei.
Har nokon av personane gjort noko du aldri ville ha våga sjølv?
– Eg ville definitivt ikkje ha overnatta i eit heimsøkt hus langt ute i hutaheiti. Kanskje då eg var yngre og modigare, men ikkje no.
Kva scene var kjekkast å skriva?
– Alle scenene der mormora til Astrid var med, var veldig kjekke å skriva. Då sat eg stort sett og humra medan eg skreiv. Dessverre måtte eg kutta bort ein del av desse scenene, rett og slett fordi det blei for mykje tekst – og for mykje mormor.

Om boka di blei film, kven ville du hatt i hovudrolla?
– Skodespelaren som har lese inn romanen som lydbok, heiter Marte Paulsen. Ho kjem frå Luster, akkurat som Astrid. Dersom boka skulle ha blitt film, ville eg spurt om ho kjende ein elleve–tolvåring frå Luster som dreiv med teater.
Kva håpar du at lesarane sit att med når dei har lese boka?
– Eg håpar dei sit att med eit lite smil. Meir kan ein ikkje be om.






















